top of page

Molden

Molden is often called the finest viewpoint in Sogn, with an amazing fjord view.

Foto: Veronika Øyre

Slik kjem du deg hit

Fra feriehuset er det ca. 1 time og 10 minutt køyretur, 55 km. På strekning må du ta ferje mellom Fodnes - Mannheller. 


Du startar ved vegen til Mollandsmarki, akkurat i det vegen flatar ut etter stigninga opp frå vegkrysset der ein forlet riksveg 55. Like etter ferista tek du til venstre på skogsvegen og følgjer den i om lag 300 meter.

Deretter til høgre på god sti, merka med raude punkt. Etter om lag ein kilometer inn på ny skogsveg og etter denne i om lag 600 meter. Du er då inne på stien nett der skogsvegen svingar skarpt til høgre. No går det raskt oppover, og etter ein liten kneik når du Svarthiller med flott utsikt utover fjorden og mot Ornes på den andre sida.

Frå Svarthiller svingar stien 90 grader og går i slyng forbi bratte hamrar. Deretter flatar terrenget ut og det er rimeleg lett fram til toppvarden på Molden, 1116 meter over havet. Den aller finaste utsikta er nok på austsida, ut mot indre delar av Lustrafjorden, med Nes og Høyheimsvik nærast. 

(tekst henta fra www.visitnorway.no)

Molden 3.JPG
Molden.jpg
bottom of page